Til minne om ...
Vi vil gjerne minnes våre kjære, som har betydd noe for munnharpa i Norge, og ellers i verden, som vi kjenner til...
​​
Bjørgulv Straume
11.08.1938 - 06.04.2024
Bjørgulv Straume er død.
​
Vi har mista ein mann som har vore særs viktig for
munnharpa og munnharpetradisjonane. Med
kassettutgjevinga «Luftslaget» sette han ein ny
standard for munnharpespelet. Det rytmiske og
energiske spelet tiltalte den unge generasjon.
Svært mange har oppdaga munnharpa gjennom
denne utgjevinga.
Bjørgulv var ein omgjengeleg person som såg folk,
og som ein kunne prate med om allslags tema.
I kortform kan vi nemne at han betydde svært mykje
for gjenopplivinga av tradisjonane, både gjennom sitt eige virke som kvedar, munnharpespelar og -smed. I tillegg til god kjennskap til tradisjonane skapa han og eigne munnharpekomposisjonar, og innspelingane hans inspirerte to generasjonar munnharpespelarar. Han var også open for andre tradisjonar, som han viser i «Fra Senegal til Setesdal» i møte med afrikanske tradisjonar og i «Hrynhent» i møte mellom kunstmusikken og folkemusikken. Munnharpeforumet har bruka ei grøde av Bjørgulv sine harper opp gjennom åra på munnharpekurs – dei har vore ein fin introduksjon til melodispelet på munnharpa.
Bjørgulv Straume vart æresmedlem i Norsk Munnharpeforum i 2008. Vi seier takk for stor innsats og mange gode minne.
Kvil i fred.
Norsk Munnharpeforum
13.02.1949 - 08.01.2021
Odd Sylvarnes Lund
Vladimir Markov
1963 - 23.06.2020
Foto: Sigurd Brokke 2016
1942 - 22.03.2018
Sigbjørn Solbakken
Knut Tveit
d. 06.2018
21.01.1933- 07.11.2016
Reidar Sevåg
26.03.1931 - 21.11.2014
Rolf Karlberg
1939 - 04.09.2013
John Wright
30.12.1977 - 25.04.2012
Jon Elling Buen Garnås
1921 - 2011